Her er våre punkter:
1) Hovudmålet med jordbrukspolitikken er at sjølvforsyninga i Norge , korrigert for import av fôrråvarer, må aukast om vi skal nå mål om 50% sjølvforsyning i løpet av 2026. Dei politiske verkemidla må legge til rette for at det gjennomgåande blir dyrka og hausta meir til både folk og dyr på norske jordbruksareal. Dette gjeld både på inn- og utmark.
2) Inntekta til jordbruket er verkemiddel for å nå målet om auka sjølvforsyning. Det betyr at det må bli meir lønnsamt å dyrke og hauste planter i Norge. Inntektsgapet må tettast og bonden sine inntekter må vere på nivå med andre grupper i samfunnet. Bonden må også ha velferdsordningar på lik line med andre.
3) Ein avgjerande forutsetning for jordbrukspolitikken sin evne til å styre i tråd med hovudmål om auka sjølvforsyning, er korrekt talgrunnlag. Jordbruksforhandlingane må baserast på eit talmateriale som beskriv dei reelle kostnadene og inntektene ved drift og investeringar i næringa. Det sentrale i denne samanhengen er rett talgrunnlag for kapitalkostnader, timeforbruk og inntektsnivå i næringa.
4) Skal sjølvforsyninga aukast må norske planter bli meir lønnsame å bruke, medan importerte planter må bli mindre lønnsame. Det trengs ei større Jordpakke for å få opp planteproduksjonen i Norge. Fokuset må vere ei kraftig auke av tilskot til drenering og istandsetting av jordbruksareal. På same tid som norsk planteproduksjon må auke, må verkemidlane begrense importen av planter for å unngå overproduksjon. Av den grunn må tilskot til prisnedskriving av korn til kraftfôr reduserast av di dette reduserer verdien på norske planter versus importerte planter.
5) Handlingsrommet i tollvernet må brukast til å velge den tollsatsen (kr-toll vs. prosenttoll) som gjev best tollbeskyttelse for norske matplanter og husdyrprodukt slik at lønnsemda kan betrast gjennom større marknadsinntekter.
FrP fremmet et eget forslag, fordi de var uenige om punktet med jordvern, og fikk fem stemmer.
Her er vedtatt vedtak sak 103/23, som fikk stemmene fra de andre partiene.